Alt kan fikses!

Eg har laga fleire skåler som har fått hull i bunnen, men det stopper ikkje meg frå å lage noko kult av dei. I dette innlegget skal eg vise korleis eg har laga dei tre første lampene mine, for det blir nok ikkje dei siste.

Du kan aldri vite korleis treet ser ut under barken og lengre inne i treet. To skåler kan aldri bli like sjølv om dei kjem frå det samme treet. Du kan tenkje at det er lett å få to emner til å bli veldig like skåler, men det er faktisk ganske vanskelig. Skålene kan sprekke og dei kan få hull i bunnen. Nokre skåler som sprekk kan man fikse, men andre er vanskelig å gjere noe med.

Her er ein skål som eg har laga, eit anna emne som kom frå det samme treet har blitt noko heilt anna. Den har blitt til ein lampe.

Denne lampen kom frå det samme treet som den som er vist over, men denne vart for tynn og den vart ein lampe. Det er ikkje vanskelig å få skåler ulike, men det er veldig vanskelig å få dei til å bli like.






Her er ein video der eg tar maling på den lampen som er vist over: Lampe som blir malt rød


Eg har også laga ein grønn lampe.


Det var planen at dette skulle bli ein heilt vanleg skål. Eg dreide den fin på utsiden og så snudde eg den og dreide den på innsiden.










Problemet er at eg pusset den for tynn, så den fekk eit hull i bunnen, men eit lite hull stopper ikkje meg frå å lage noko kult av det. Dette kan også bli ein lampe.









No har den fått maling på seg, som vist i denne videoen, og den er klar til å bli ein lampe.










Her er det ferdige resultatet av lampen, med lys. Ein feil kan bli ein suksess.









Eg har laga enda ein rød lampe, men den er veldig lik som den andre, så den er desverre ikkje med i dette innlegget. Den øverste lampen er den nyeste eg har laga og den grønne lampen er den andre eg laga. Lampen som ikkje er vist i dette innlegget er den første eg laga. Om du vil se den første lampen eg laga så kan du finne den her: Min første lampe!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

5 år siden eg startet med tredreiing

Det blir litt juletrær og vi er bare i september🎄🎄